Helsefagarbeidar 70% fast stilling
Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde
- Arbeidssted
- SOGNDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 14. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Døgn har ledig fast 70 % stilling som helsefagarbeidar med fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid frå 01.03.2027.
Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk, spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd
Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre sogn psykiatrisenter.
Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt.
Les meir om regionen her.
Vi tilbyrArbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg miljø
Varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag
Interne fagdagar og undervisning som gir fagleg og personleg utvikling
Høve til å ta initiativ og påverke din eigen arbeidskvardag
Å ta del i ein organisasjon i utvikling, med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga
ArbeidsoppgåverDu gir behandling og oppfølging til pasientar i døgnopphald, i samsvar med behandlingsplan
Du samarbeider med og involverer pårørande i pasientbehandlinga
Du bidreg med faglege innspel til utvikling av tenestene våre
Du deltek i miljøterapeutiske aktivitetar som turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
Du samarbeider med kommunehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar
Du deltek i legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer
Arbeid i turnus (dag/kveld) med arbeid kvar tredje helg. Den som blir tilsett må vere innstilt på at det kan bli endringar til langvakter
Personlege eigenskaparDu møter pasientar med respekt, ro og eit ope sinn
Du arbeider strukturert og målretta, og finn gode løysingar i kvardagen
Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Du er motivert for fagleg utvikling og ønskjer å lære
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Relevant fagskuleutdanning innan feltet vil bli vektlagt, men er ikkje eit absolutt krav.
Interesse for fagfeltet
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSigrid Snitjer, Seksjonsleiar, 576 27 500 (sentral)
ArbeidsstadDalavegen 29
6856 SOGNDAL
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5187722269
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.03.2027
Søknadsfrist: 14.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.