Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap, bioingeniør/sjukepleiar

Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
18. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Norsk koordineringssenter for blodberedskap - Nokblod er lokalisert i Helse Bergen og  høyrer organisatorisk til på Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport. Senteret søker etter ein positiv og engasjert bioingeniør eller sjukepleiar til eit vikariat som varer ut 2027. Stillinga er ei dagstilling på 37,5 timar per veke, med tiltreding snarast. Bioingeniøren /sjukeplaiar vil ta del i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretak. Dette inkludere at du skal delta  som kurshaldar/instruktør lokalt og nasjonalt og delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar. Bioingeniøren/sjukepleiaren skal også utføre arbeid tilknyttet utviklings og forskningsprosjekter som gjennomføres i senteret. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land.   ArbeidsoppgåverDelta i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretaka. Dette inkluderer blant anna operativ rolle som nasjonalt kontaktpunkt for blodberedskap og koordinering av sivil-militær blodforsyning i krise og krig   Delta i undervisning og kursing i og utanfor regionen  Delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar både sivilt og militært  Bidra i senteret sin kvalitets-, innovasjons-, forskings- og utviklingsaktivitet  Aktivt utoverretta aktivitet med samarbeidspartnarar Reising må påreknast  KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som bioingeniør eller sjukepleiar Erfaring innan transfusjonsmedisin  Det er ønskeleg med erfaring med tapping og intervju av blodgivarar       Det er ønskeleg med erfaring med undervisning  Det er ein fordel med erfaring med prosjektarbeid og forsking  og kvalitetsarbeid Må meistre norsk og engelsk godt både munnleg og skriftleg  Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar blir vektlagt  Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar  Du ivaretar dine medarbeidarar slik at alle kan ha ein trygg og god arbeidskvardag  Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert  Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team  Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din  Du toler å stå i krevande situasjonar  Du viser tillit, respekt og fagleg tryggleik  Vi tilbyrLønn etter gjeldane overenskomst  Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar  Eit aktivt og triveleg miljø  Høgt fagleg nivå  Kontinuerlig faglig utvikling  Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTorunn Oveland Apelseth, Seksjonsleiar, ovto@ihelse.net ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5185076048 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 18.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.