Prosjektleiar formidlingsarbeid
Rådgjevar [raadgjevar], Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta]
- Arbeidssted
- ØRSTA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Engasjement
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ørsta vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert prosjektleiar til eit tidsavgrensa utviklingsprosjekt finansiert gjennom Samfunnskontrakten for fleire læreplassar. Prosjektet varer til juli 2029.
Søre Sunnmøre har eit variert og framtidsretta arbeidsliv med stort behov for dyktige fagarbeidarar. Samstundes veit vi at gode overgangar mellom ungdomsskule, vidaregåande opplæring og arbeidsliv er avgjerande for at fleire ungdomar skal finne rett utdanningsveg, få læreplass og fullføre fag- og yrkesopplæringa. Målet med prosjektet er å utvikle ein meir heilskapleg modell for karriererettleiing og overgangsarbeid frå 8. trinn og fram til fagbrev. Gjennom å styrkje samanhengen mellom skule og arbeidsliv vil vi at fleire elevar tek gode utdanningsval, blir kvalifiserte for læreplass og får ein god overgang til arbeidslivet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i utvikling av framtidas yrkesfaglege opplæring på Søre Sunnmøre, og skal vere med å lage system for å bidra til at rett elev finn rett plass i skulen og seinare læreplass i arbeidslivet. Stillinga vil vere sentral i utviklinga av skulen sitt formidlingsarbeid. Prosjektleiar vil fungere som eit bindeledd mellom ungdomsskular, vidaregåande skule, bedrifter, kommunale arbeidsplassar, opplæringskontor og Opplæring i bedrift.
ArbeidsoppgåverSom prosjektleiar skal du:
utvikle og koordinere ei samanhengande karriereløype frå 8. trinn til fagbrev
skape tettare samarbeid mellom ungdomsskular, vidaregåande skule, arbeidsplassar og opplæringskontor
bidra til å vidareutvikle skulen sitt arbeid med karriererettleiing og overgangar mellom dei ulike opplæringsarenaene
lage system for arbeidet med å få fleire elevar kvalifiserte til læreplass
vidareutvikle faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) som den viktigaste arenaen for kvalifisering til læreplass, i samarbeid med faglærarar på skulen
ta ansvar for utviklinga av lokale læreplanar i YFF-faget, i samarbeid med skule og arbeidsliv
bidra inn mot planlegging og gjennomføring av Karrieredagar, Open dag, Hospitering, foreldremøte og andre tiltak i karriereløypa
bidra til kompetanseheving for lærarar, bedrifter og føresette om yrkesfaglege karrierevegar
utvikle møteplassar for lærlingar, lærekandidatar og bedrifter
arbeide aktivt for inkludering, mangfald og gode overgangar for elevar som treng ekstra støtte
sikre framdrift, evaluering og rapportering i prosjektet
KvalifikasjonarVi søkjer deg som har:
erfaring frå opplæring, karriererettleiing, fag- og yrkesopplæring
erfaring med utviklings- eller prosjektarbeid
god forståing for samanhengen mellom utdanning, kompetansebehov og arbeidsliv
gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
undervisningskompetanse innan eitt av programområda skulen tilbyr er ønskeleg
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
er initiativrik og utviklingsorientert
bygger gode relasjonar og skaper engasjement
arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
har evne til å få ulike aktørar til å arbeide mot felles mål
trivast med både strategisk utviklingsarbeid og operativ oppfølging
har tru på at gode samarbeid gir fleire ungdomar moglegheit til å lukkast
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyrei innhaldsrik og samfunnsviktig stilling med stor påverknadskraft
høve til å forme framtidas samarbeid mellom skule og arbeidsliv på Søre Sunnmøre
deltaking i utvikling av nye modellar for karriererettleiing, kvalifisering og formidling til læreplass
samarbeid med engasjerte fagmiljø innan utdanning, næringsliv og offentleg sektor
løn etter avtale
gode pensjons- og forsikringsordningar
spennande utviklingsperiode for Ørsta vidaregåande skule, på vegen mot ny lokalisering i Ørsta kultur- og kompetansesenter
KontaktinformasjonBjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491
Anne Marit Bae, Avdelingsleiar HO, 48126285
ArbeidsstadHolmegata 14
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5196108171
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.07.2029
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.