Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

LIS i augesjukdommar - vikariat 

Augeavdelinga, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Det blir ledig eit årsvikariat for lege i spesialisering (LIS3) ved vår spennande avdeling i perioden frå 10.11.2026 og 12 månader framover. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariatet. LIS frå andre helseregionar kan òg søke stillinga som ein del av arbeidet med å oppnå naudsynte læringsmål innan spesialiteten augesjukdommar. Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forskings- og utviklingsarbeid står sentralt i verksemda vår. Avdelinga har stor breidd i tenestetilbodet sitt, og vi greier ut og behandlar alle typar augesjukdommar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for hovud og hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining samt operasjonsavdeling. Sengeposten har seks døgnplassar. Her er det både planlagde innleggingar og øyeblikkeleg hjelp-innleggingar. Vikariatet kan telje som ein del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar. Ved rekruttering og tilsetjing vil vi ha eit langsiktig perspektiv for å bygge ei fagleg sterk og robust augeavdeling for framtida ArbeidsoppgåverDen som blir tilsett vil gå inn i 12-delt primærvakt Ein vil rotere mellom dei ulike seksjonane i avdelinga ca. kvar 6. månad (7 ulike seksjonar) for å få dekt alle områda innan augefaget Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggande og polikliniske pasientar Vedkommande må ta del i undervisning av legestudentar og anna helsepersonell KvalifikasjonarDen som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i augesjukdommar God skriftleg dokumentasjonsevne Då Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi legge vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefaget Augeavdelinga er kjend for sitt gode, kollegiale miljø, og det er viktig at dei som blir tilsett og vil bidra til å halde dette ved like Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad  Personlege eigenskaparVi vil legge vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt i ein hektisk kvardag Vere ein god teamarbeidar Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet Forskingsinteresse Vi tilbyrTeneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging og fullstendig LIS-løp i spesialiseringa Den som blir tilsett, vil få ein personleg rettleiar, og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst God forsikrings- og pensjonsordning Gode kollegaer i eit særs godt arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonFrank Tore Jenssen, Seksjonsleiar, 55974124 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5176297460 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 10.11.2026 Sluttdato: 02.01.2028 Søknadsfrist: 01.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.