Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Spesialingeniør/ instrumentansvarleg

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen 

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig fast stilling som spesialingeniør/ instrumentansvarleg ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF). MBF er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt Napos, Noklus Hordaland og RELIS Vest. Avdelinga utfører ei rekke analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189. Vi søker ein spesialingeniør med sterk interesse for avansert laboratorieinstrumentering og massespektrometri. Den som blir tilsett vil vere ein del av kjemikargruppa ved MBF, og ha ei sentral rolle i drift, vedlikehald og vidareutvikling av ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Stillinga er knytt til Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar og inneber samarbeid med instrumentansvarleg ved Hormonlaboratoriet og fleire seksjonar ved avdelinga. Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har mellom anna 9 LC-MS/MS-instrument, 3 LC-QTOF-MS-instrument, 1 GC-FID-instrument og 3 moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale. ArbeidsoppgåverAnsvar for vedlikehald, feilsøking og reparasjon av instrument, samt oppfølging av serviceavtalar Kontakt med servicepersonell og leverandørar Bistå ved anbodsprosessar Bidra til utvikling og validering av metodar Delta i kvalitetsarbeid knytt til akkrediterte analysar Skrive prosedyrar og valideringsrapportar Bidra til undervisning og opplæring av tilsette i bruk og vedlikehald av instrument Delta i den daglege rutinedrifta ved seksjonen Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga KvalifikasjonarUtdanning innan kjemi, analytisk kjemi eller tilsvarande fagområde på master-, sivilingeniør- eller ph.d.-nivå. Relevant erfaring og kompetanse kan kompensere for utdanningskravet Teknisk kunnskap om og interesse for HPLC og LC-MS/MS Erfaring med HPLC, LC-MS/MS eller tilsvarande avanserte analyseinstrument Erfaring med metodeutvikling, validering eller instrumentvedlikehald er ein fordel Erfaring frå akkreditert laboratorium er ein fordel Gode datakunnskapar blir vektlagde Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Personlege eigenskaparUtadvendt og engasjert Gode kommunikasjonseevner Målbevisst, strukturert og løysingsorientert Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø Vere fleksibel og trivast med varierte utfordringar Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Engasjement for fagfeltet og ønskje om fagleg utvikling Vi tilbyrMoglegheit til å arbeide med avansert massespektrometri i eit av dei største fagmiljøa innan laboratoriemedisin i Noreg Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Stor grad av fagleg sjølvstende og moglegheit til å påverke utviklinga av instrument- og analyseplattformar Tett samarbeid med kjemikarar, bioingeniørar og legar Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Dagstilling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonChristina Ramsens, Seksjonsleiar, 55973257, christina.ramsnes@helse-bergen.no Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5194028356 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.