Intensivsjukepleiar
INTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 5
Stillingsdetaljer
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum?
Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledige fleire stillingar som intensivsjukepleiar, både faste og vikariat.
Intensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du:
Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar
Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid
Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdagar og spesialisering
Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientane
Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg).
Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt? Send oss ein søknad i dag!
ArbeidsoppgåverKlinisk pasientarbeid i tråd med gjeldande prosedyrer og retningsliner
Pasientovervaking, behandling og pleie
Samarbeid med legar og anna tverrfagleg personell
Bidra til fagutvikling, kvalitet og pasientsikkerhet
Rettleiing og opplæring av studentar og nyansatte (ved behov)
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv
Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg
Gode norskkunnskaper, muntlig og skriftlig
Personlege eigenskaparDu er fagleg engasjert og ansvarsbevisst
Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Du er fleksibel og løysingsorientert
Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Personelg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonMarit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +47 70 10 55 23, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5174061944
Stillingsprosent: 100, 85%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 22.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.