Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fagarbeidar skule og barnehage

Byglandsfjord skule og barnehage, Bygland Kommune

Arbeidssted
BYGLAND, BYGLANDSFJORD, AGDER
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag for barn? Byglandsfjord skule og Byglandsfjord barnehage har ledig to 100 % mellombelse stillingar som fagarbeidar fram til 31.07.2027. Ei stilling er knytt til skulen med oppstart snarast, medan den andre er knytt til barnehagen med oppstart 01.01.2027. Søkarar kan søkje på begge stillingane eller opplyse i søknaden kva stilling dei føretrekkjer. Om oss Skulen og barnehagen ligg i same bygg sentralt i Byglandsfjord. Vi samarbeider tett om å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for barna våre. Nærmiljøet med fjord, skog og fjell er ein naturleg del av kvardagen vår og gir gode moglegheiter for leik, læring og aktivitet. Vi arbeider etter prinsippa for helsefremjande barnehage og skule. Ved skulen er fysisk aktiv læring ein naturleg del av undervisninga, og alle elevane deltek i uteskule ein halv dag kvar veke. I barnehagen står leseopplevingar, leik og vennskap sentralt i kvardagen. For tilsetting i barnehage er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før tilsetting trer i kraft (jf. Barnehagelova §30). Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25) ArbeidsoppgaverBidra til ein trygg, inkluderande og aktiv kvardag for barna Støtte barn i leik, læring og sosial utvikling Delta aktivt i aktivitetar inne og ute Samarbeide med føresette og kollegaer Medverke til eit godt lærings- og arbeidsmiljø Bidra til å fremje helse, trivsel og livsmeistring KvalifikasjonerFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Annan relevant utdanning eller erfaring kan bli vurdert Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnlege og skriftlege Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi ynskjer at duer ein tydeleg og trygg vaksen er engasjert og glad i å arbeide med barn trivst med aktivitet og leik har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er fleksibel og løysingsorientert bidreg positivt til arbeidsmiljøet Vi tilbyrMeiningsfulle arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag Eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø Moglegheit for fagleg utvikling Ein arbeidsplass med fokus på helse, aktivitet og trivsel Løn etter gjeldande tariffavtale Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP KontaktinformasjonSigrid Greibrokk, Barnehagestyrer, +4795746056 ArbeidsstedSetesdalsvegen 2012 4741 Byglandsfjord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bygland Kommune Referansenr.: 5202444742 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 22.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.