Overlege innan psykiatri
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. des. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. Vi ønskjer oss deg som er interessert i fagfeltet alderspsykiatri og allmennpsykiatri.
Seksjonen vår består av eit døgntilbod med 9 døgnplasser og poliklinikk. Deler av stillinga vil vere tilknytta Alderspsykiatrisk poliklinikk, med både ambulant og stasjonær virksomhet.
Vi har eit aktivt fagmiljø. Avdelinga har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på at vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi har eit godt samarbeid med primærhelsetenesta.
Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt.
Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!
ArbeidsoppgåverDiagnostisk utgreiing og behandling
Individuell og tverrfagleg behandling
Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
Internt samarbeid og rettleiing
Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
Samarbeid med miljøpersonal og andre behandlarar om miljøterapeutiske tiltak
Deltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving
Deltaking i bakvaktsordning for overlegar hvis ein ønsker det
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege
Overlege innan psykiatri
Må meistre norsk munnleg og skriftleg
Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing
Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskaparDu har god språkleg framstillingsevne
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver både sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
KontaktinformasjonMarit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 2
6450 HJELSET
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4956051716
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.