Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Vernepleiar

PSK døgn sikkerheit, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
11. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med plikt til å gi augeblikkeleg hjelp.  Avdelinga har omlag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø. Psykiatrisk klinikk sikkerheit består av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har tre døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Avdelinga tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 11 pasientar ute i eigen bustad/tiltak. I tillegg til å gje psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sjukehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet. Les meir her: Psykiatrisk klinikk sikkerheit Vi har ledig: 1 x 100% fast stilling for vernepleiar Startdato: etter avtale PSK sikkerheit legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst 2 menn på kvart skift.  ArbeidsoppgåverArbeid på sengepost, ambulant sikkerheitsteam, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen Gje psykiatrisk pleie og omsorg Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling på avdelinga Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til seksjonen Andre oppgåver etter avtale med leiar KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som vernepleiar Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt Relevant erfaring er ønskjeleg Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg  Personleg egnaheit vil bli vektlagt Personlege eigenskaparDu har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottek gjerne hjelp Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeidar stabilt under press Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyrEit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling Opplæring Turnusordning med moglegheit for langvakter (12,5t) Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, 975 22 519 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5181235319 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.