Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Seksjonsleiar 

Teknisk drift Førde sentralsjukehus

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du jobbe med eigedomsdrift og utvikling? Drift og eigedom i Helse Førde søkjer ein engasjert og løysingsorientert seksjonsleiar til ei spennande stilling ved Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus. Dette er ein unik sjanse for deg som ønskjer å kombinere byggfagleg kompetanse med strategisk leiing innan eigedomsområdet. Fagområdet er i stadig utvikling, og bygningsmassen er ein viktig føresetnad for effektiv drift av sjukehuset. Stillinga er ledig for tilsetjing frå 01.10.2026.  Om seksjonen        Seksjonen har 20 tilsette og er i dag organisert i Teknisk driftsavdeling, som tilhøyrer klinikk for Drift og eigedom. Seksjonen har ansvar for drift og vedlikehald av bygningsmassen ved Førde sentralsjukehus med tilhøyrande tekniske anlegg. Seksjonen har òg eit avgrensa ansvar for Sunnfjord medisinske senter i Florø. Seksjonsleiar rapporterer til Avdelingssjef for Teknisk drift. Kvifor velje oss? Sjukehusbygg er dei mest komplekse og moderne bygga i landet, med avansert teknologi og tekniske system som utfordrar kompetansenivå og behov for nytenking. Hos oss får du ein variert og engasjerande arbeidskvardag med personalansvar for dyktige fagfolk med allsidig kompetanse. Du blir ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø lokalt, regionalt og nasjonalt.  Kontorstad er Førde sentralsjukehus. Sunnfjord har mykje å tilby: Jobbe, leve og bu i Sunnfjord! Vi ønskjer deg velkomen som søkjar og ser fram til å høyre frå deg! ArbeidsoppgåverSentrale arbeidsoppgåver for stillinga er: Leie og utvikle seksjonen i tråd med Helse Førde sine mål og strategiar Sikre forsvarleg drift og vedlikehald av Førde sentralsjukehus med tilhøyrande bygningsmasse Ansvar for investeringar, driftsprosjekt, anskaffingar og livsløpsforvaltning av utstyr og bygg Personal-, fag- og økonomiansvar for avdelinga Samarbeide tett med kliniske avdelingar i utvikling av bygningsmassen Brei kontakt med leverandørar og brukaravdelingar Følgje opp krav innan kvalitet, pasienttryggleik og regelverk KvalifikasjonarVed val av kandidat vil følgjande kvalifikasjonar bli vektlagt: Må beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg Erfaring med økonomistyring og prosjektleiing Leiarerfaring, gjerne frå eigedomsdrift God systemforståing Kompetanse innan byggfag, elektro eller VVS vil vere ein fordel Prosjekterfaring  Utdanningsnivå Høgskule Fagskule/fagbrev Personlege eigenskaparVi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ser spesielt etter desse eigenskapane: Evne til å jobbe systematisk og sjølvstendig, gode kommunikasjonsevner og positiv innstilling Tydeleg og inkluderande leiarstil Strategisk og løysingsorientert Strukturert og gjennomføringssterk Serviceinnstilt og evne til å motivere og utvikle dei tilsette Vi tilbyrLønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Eit kompetent og engasjert fagmiljø Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonPer Arne Flølo, Direktør Drift og eigedom, (+47) 578 39 340 Terje Jan Nes, Avdelingssjef Teknisk driftsavdeling, (+47) 415 30 517 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5174784094 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.