Lærar i Sal, service og reiseliv
Stend Vgs
- Arbeidssted
- BERGEN, FANA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 2. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Denne stillinga er knytt til ei elevgruppe som ønskjer opplæring gjennom praktisk arbeid, konkrete oppgåver og tett oppfølging. Samtlege elevar mottar ITO.
ArbeidsoppgåverAdministrativt arbeid rundt individuelt tilrettelagt opplæring (ITO)
Samarbeid med kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
Planlegging og gjennomføring av undervisning gjennom reelt arbeid, eksempelvis
Drift av skulen sitt sentrallager
Drift av skulens vaskehall
Truckopplæring og sikkerheitsarbeid
Arbeid i skulen si gardsbutikk
Kundeservice og ulike serviceoppdrag på skulen
KvalifikasjonarRelevant fagleg bakgrunn innen sal og service
Undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning
Kvalifiserte søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår
Erfaring frå sal og kunderetta verksemd
Praktisk erfaring frå arbeidsliv relevant til elevgruppa og programfaga
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Relevant yrkeserfaring kan kompensere for delar av dei formelle kvalifikasjonskrava
Personlege eigenskaparDu har erfaring frå sal, service, marknadsføring og kundearbeid
Du har erfaring med elevgruppa
Du trivst med å arbeide på praktiske arenaer og tett saman med ungdom
Du har evne til å skape gode relasjonar og bygge tillit
Du er roleg, tydelig og strukturert i møte med elevar
Du har god forståing for korleis teori kan omsetjast til praktisk læring
Du trivst med ansvar og varierte arbeidsdagar
Du er ein lagspelar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Du er åpen for skulen og avdelinga sitt pedagogiske grunnlag
Vi tilbyrLøns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonLars Ivar Søvik, avdelingsleiar, 95898287
ArbeidsstedFanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5182226101
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.