Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Rådgivar kliniske studiar (monitor/Clinical Research Associate)

Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
6. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du arbeide med kliniske studiar og løfte medisinsk forsking i sjukehusa?  Vi søker etter ein engasjert og dyktig rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit prioritert satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er eit auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Hos oss blir du ein sentral og verdifull samarbeidspartnar for fagmiljøa i regionen, og får ei nøkkelrolle i å rettleie og støtte forskarane gjennom heile prosjektløpet – frå planlegging og oppstart til trygg gjennomføring. Slik bidreg du direkte til at studiane held høg kvalitet og følgjer strenge nasjonale og internasjonale regelverk.  Stillinga ligg til Seksjon for forsking og innovasjon (FoI) ved Forskings- og utviklingsavdelinga. FoI har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innan innovasjon for Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 55 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning.   Vi søker personar med høg arbeidskapasitet, nøyaktigheit og fleksibilitet, som trivst med å handtere ulike og varierande oppgåver. Som Clinical Research Associate / monitor vil du ha ei viktig rolle i kvalitetskontrollen av kliniske studiar.  ArbeidsoppgåverMonitorering og oppfølging av kliniske studiar i samsvar med ICH-GCP og standardiserte prosedyrar (SOP-ar), hovudsakleg ved Haukeland universitetssjukehus og dei andre sjukehusa i Helse Vest-området Utføre revisjon og risikovurdering av akademiske legemiddelstudiar og andre intervensjonsstudiar i samarbeid med forskarar Gje råd og veiledning om roller, ansvar og regelverk (irekna GCP, CTIS og helseforskningslova) til kliniske utprøvarar og forskargrupper Utarbeide rapportar og skrive faglege saker knytt til leveransar og aktivitet og måloppnåing innan fagfeltet Bidra til kontinuerleg forbetring og vidareutvikling av tenester og arbeidsprosessar for kliniske studiar, med særleg vekt på kvalitet Handtere førespurnader om mogelege nye studiar frå industrien («feasibility») Delta i fagmiljø, nettverk og konferansar, samt halde faglege innlegg og opplæring Reiseaktivitet må påreknast Andre oppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon KvalifikasjonarFormell utdanning på mastergradsnivå (naturvitskaplege fag/farmasi)  Erfaring med prosjektkoordinering er ønskeleg   Erfaring frå kliniske studiar er ønskeleg, gjerne frå legemiddelindustrien  Erfaring med bruk av elektroniske system som eCRF / VieDoc og handtering i CTIS-portalen vil telje særleg positivt  Kjennskap til regelverket kring kliniske studiar   God forståing for økonomi/budsjett er ønskeleg   Erfaring med teamarbeid, undervisning og møteleiing er ønskeleg   Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk er påkravd, slik at du snakkar og skriv klart, kortfatta og korrekt   Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på engelsk er nødvendig, ettersom vi ofte nyttar engelsk som arbeidsspråk   Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar blir vektlagd.   Kan arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig   Serviceinnstilt og kan lytte til og samarbeide med andre, på tvers av fag og einingar   Positiv haldning til å tileigne og dele kunnskap   Analytisk og ha god gjennomføringsevne  Vi tilbyrFast stilling med meiningsfylte og utfordrande oppgåver   Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø i trivelege lokale på haukelandsområdet   Fagleg utvikling   Fleksibel arbeidstid   Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning  Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne Mathilde Henden Kvamme, Fagleiar, 90655238, anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5209977838 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.