Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Kokk og matvert

Produksjonskjøkken Førde, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Matforsyning i Helse Førde har ledig stillingar ved Førde sentralsjukehus: Kokk:        100 % fast stilling, tilsetting etter avtale Matvert:  100 % fast stilling, tilsetting etter avtale  Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for pasientar ved Førde sentralsjukehus? Vi ser etter deg som ønskjer å bruke fagkompetansen din til å lage næringsrik og velsmakande mat som del av i eit viktig samfunnsoppdrag.  Hos oss er mat og måltid ein viktig del av behandlingstilbodet, og vi legg vekt på kvalitet, trivsel og gode rutinar i kjøkkenarbeidet.  Vi produserer og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskaféar. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelige arbeidsplassar på alle lokasjonane.  Arbeidsstad for begge stillingane er Førde sentralsjukehus Kva går jobben ut på? Som kokk og matvert hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som arbeider for trygge og gode måltid til pasientar og tilsette.  Arbeidsoppgåver Produksjon av varm og kald mat etter godkjente resptar Produsere  spesialkost og diettar  Menyplanlegging - vi følgjer norske mattradisjonar og sesongbaserte matrettar Sørge for at hygienekrav og rutinar (IK-mat) vert fulgt Varebestilling og lagerhald  Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha:  Kokk - må ha fagbrev  Matvert - er interessert i mat og service - opplæring vil bli gitt Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg  Det er ein fordel om du:  har erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken  har kunnskap om spesialkost og ernæring  har erfaring med IK-mat og relevante datasystem  Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:  trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team  er strukturert og har god orden i arbeidet ditt  samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt i arbeidsmiljøet  er fleksibel og handterer ein variert arbeidskvardag  er oppteken av kvalitet og gode matopplevingar  Kjenner du deg igjen i dette? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Kvifor skal du velje oss? Vi tilbyr: eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer  varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver  moglegheit for fagleg utvikling  løn etter gjeldande avtaleverk  gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP  Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonElin Haugen, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 682 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5206558770 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.