Tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde
Hjelpemidler, Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen
- Arbeidssted
- BERGEN, KOKSTAD, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 4
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig fire faste 100 % stillingar som tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og ønsker å bidra til Nav sitt viktige samfunnsoppdrag.
Tolketenesta på hjelpemiddelsentralen er i utvikling, og vi ønsker å styrke både kompetansen og kapasiteten vår. Vi treng fleire dyktige tolkar som kan vere med på å sikre fagleg sterke og brukarvennlege tenester for døve, høyrselshemma og døvblinde. Ressursane skal hjelpe oss å møte eit aukande behov for tolkehjelp og vidareutvikle tolketilbod av høg kvalitet.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held til på Kokstad i Bergen. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve, høyrselshemma og døvblinde.
Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
Arbeidsoppgavertolking for døve og høyrselshemma, både oppmøtetolking, skrivetolking og skjermtolking, og tolking/ledsaging for døvblinde
bidra til fagleg utvikling av tenesta
tolking til og frå engelsk
rettleiing av praksisstudentar ved behov
KvalifikasjonerVi ser etter deg som har:
bachelor i teiknspråk og tolking eller tidlegare tilsvarande utdanning
førarkort klasse B, fordi tenesta er ambulant
gode evner til å kommunisere munnleg og skriftleg
Vi ønsker at du har:
god kompetanse i alle tolkemetodar
arbeidserfaring som teiknspråktolk, skrivetolk og tolk for døvblinde
gode datakunnskapar
gode ferdigheiter i engelsk, fordi vi også har oppdrag med tolking til/frå engelsk
Personlige egenskaperKommunisere tydeleg og samarbeide godt - du trivst i team og kan bygge gode relasjonar med kollegaer og brukarar.
Vere robust og ha god arbeidskapasitet - du handterer varierte arbeidsoppgåver og held hovudet kaldt i travle periodar.
Vise engasjement og vere serviceinnstilt – du møter brukarar med respekt og profesjonalitet, og jobbar målretta for gode resultat.
Jobbe effektivt og fleksibelt – du tilpassar deg endringar og taklar uventa hendingar med ro og løysingsorientering.
Ta ansvar for eiga fagleg utvikling – du er sjølvstendig og nysgjerrig og ønsker å halde deg fagleg oppdatert.
Etterleve reglar for offentleg forvaltning og krav til etikk – du har høg integritet og god forståing for rolla som offentleg tilsett.
Vi legg stor vekt på kven du er som person og korleis du bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyrOm du blir tilsett hos oss, får du:
spennande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdrag
aktive og engasjerte kollegaer
fleksitidsordning
moglegheit for å trene i arbeidstida
moglegheit for hybrid arbeidskvardag
jobbe i trivelege lokale på Kokstad
god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 639 000,- til 693 999,- avhengig av utdanning og kvalifikasjonar
For særskilt kvalifiserte søkarar kan stillingskode 1364 seniorrådgjevar vurderast.
Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg?
Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du får tilbod om stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla som kan gjere deg tryggare på at vi er ein god match.
Kontaktperson
Hans Jørgen Svabekk, avdelingsleiar, tlf. 92 66 31 11, e-post Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no
KontaktinformasjonHans Jørgen Svabekk, Avdelingsleiar, 92 66 31 11, Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no
ArbeidsstedKokstaddalen 35
5257 Kokstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5176396958
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.