Barne- og ungdomsarbeidar i 100 % fast stilling
Lom Kommune Sentraladministrasjon
- Arbeidssted
- LOM, INNLANDET
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og bidra til ein trygg og inspirerande barnehagekvardag i Lom?
Lom kommune har ledig to 100 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Vi ønskjer oss nokon som har eit ekte engasjement for barn, og som vil bidra til gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen.
Kven ser vi etter?
Du møter barn og vaksne på ein open og respektfull måte og har eit godt blikk for behova til det enkelte barnet. Du trivst med å vere ein del av eit lag, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du er fleksibel, finn gode løysingar og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
Vi ønskjer at du:
• er til stades og oppmerksam i møte med barna
• er omsorgsfull, trygg og tydeleg
• tek ansvar og initiativ i kvardagen
• samarbeider godt med føresette og kollegaer
• er fleksibel og løysingsorientert
• likar å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar
• er interessert i fagleg utvikling
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer helst at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men oppmodar også ufaglærte til å søkje. Har du dei rette personlege eigenskapane og eit ekte engasjement for arbeid med barn, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg.
Vi ønskjer også at du:
• har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• gjerne har relevant erfaring frå arbeid med barn
Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine
• Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
• Leggje til rette for leik, læring og utvikling
• Byggje gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
• Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar
• Bidra i utviklinga av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
Vi tilbyr
Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
Eit godt fagmiljø på tvers av barnehagane, med moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
Tariffesta løns- og pensjonsvilkår
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
Flotte omgjevnader og gode moglegheiter for å bruke naturen i barnehagekvardagen
Praktisk informasjon
Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetjing
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
Namn på søkjarar blir offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.