Ungdomsarbeidar på ungdomsklubbane
Luster kommune Folkehelse
- Arbeidssted
- LUSTER, GAUPNE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Prosjekt
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og skape ein trygg og inkluderande møteplass for ungdom?
Me søkjer fleire engasjerte og trygge vaksne til deltidsstillingar ved ungdomsklubbane i Luster (Hafslo og Gaupne). Klubben er ein viktig sosial arena for ungdom, der dei kan møtast, delta i aktivitetar og vere seg sjølve i eit rusfritt og positivt miljø.
Me ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn og erfaring velkomne, og personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.
Arbeidsoppgåver
Vere til stades og bidra til eit trygt og inkluderande miljø
Byggje gode relasjonar til ungdom
Hjelpe til med matlaging
Delta i og bidra til planlegging og gjennomføring av aktivitetar
Samarbeide med kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Fylt 20 år
Førarkort klasse B
Interesse for ungdomsarbeid
Gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
Har du ein hobby innan kultur, musikk, handverk eller gaming, eller likar å setje i gang aktivitetar, er dette positivt
Vi tilbyr
Ein meiningsfull deltidsjobb
Eit inkluderande arbeidsmiljø
Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ungdomstilbodet
Arbeidstid på ettermiddag og kveld, 1–2 kveldar i veka
Rask oppstart
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande lønstabell, ansiennitet og avtaleverk
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.