Helgestillingar og tilkallingsvikar i heimetenesta
Hareid kommune, Eining for heimetenester
- Arbeidssted
- HAREID, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 4
Stillingsdetaljer
Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, student innan relevant fagområde, eller ufaglært med interesse for helse- og omsorgsarbeid? Då kan du vere den vi leitar etter. Vi søkjer tilkallingsvikarar som også kan jobbe kvar tredje helg i heimetenesta. I tillegg til helgestillinga kan det også vere aktuelt med vakter på dag og kveld, måndag til søndag, for å dekke både akutt og planlagt fråvær i eininga. Vi ønskjer også at du har moglegheit til å jobbe i feriar og høgtider.
Vi ønskjer oss medarbeidarar med gode norskkunnskapar, som er trygge i rolla si og motivert for å gjere ein forskjell. Du må kunne ivareta brukarane våre på ein fagleg og omsorgsfull måte, og bidra til tenester av høg kvalitet. Gode samarbeidsevner, arbeidskapasitet, samt ei løysingsorientert og nytenkjande tilnærming er viktige eigenskapar. Heimebaserte tenester er ei døgnkontinuerleg teneste for personar som bur heime og har behov for nødvendig helsehjelp.
Arbeidsoppgåverstelle/pleie etter oppsette arbeidsplanar, eller etter delegering frå ansvarshavande på vakt
gi forsvarleg omsorg/pleie til brukare med nedsett funksjonsnivå, i tillegg til praktisk bistand i samsvar med vedtatt vedtakstimer
lage til måltid og syte for god ernæring
administrere medikament etter kompetanse
sørge for at naudsynte prosedyrar/rutinar blir gjennomførte
jobbe i tråd med kommunens reglement og etiske retningslinjer
dokumentere i vårt dokumentasjonssystem Gerica
Du har gode datakunnskapar, og meistrar norsk både skriftleg og munnleg.
Kvalifikasjonarsjukepleiar/vernepleiar
helsefagarbeidar
miljøterapeut, barnevernspedagog/sosionom
pleiemedarbeidar med erfaring innan pleie/omsorg
student i relevante helsefag
Godkjend politiattest av ny dato må leverast før du kan starte i arbeid. Det er krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta. Politiattest skal leggast fram før du tek til i jobben. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskaparevne til å arbeide både sjølvstendig og i team
har tydelege, gode etiske og faglege haldningar
er positiv, har godt humør, viser engasjement og interesse for fagområdet, og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
arbeider strukturert og ryddig
har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyreit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
dyktige kollegaer med sterk fagleg kompetanse og engasjement
ein arbeidsplass som prioriterer fagutvikling, kompetanseheving og etisk refleksjon
engasjerte og trivelege medarbeidarar som bidreg til ein betre kvardag for brukarane våre
ein arbeidsfellesskap der vi har fokus på å løfte kvarandre og spela kvarandre gode
løn etter gjeldande avtalar
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar!
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
KontaktinformasjonSutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312
ArbeidsstadTeigevegen 55
6060 Hareid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Hareid kommune
Referansenr.: 5175551666
Stillingsprosent: 15%
Vikar
Søknadsfrist: 30.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.