Sjukepleiar - Vil du vere med og forme framtidas sjukepleietenester ved BUAS?
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
- Arbeidssted
- SYKKYLVEN, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Hos oss får du kombinere det beste frå to verdenar: nær kontakt med pasientane og moglegheita til å påverke kvalitet og fagutvikling i heile organisasjonen.
Vi har ledig 100 % stilling og søker engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar som ønskjer ei spanande rolle i skjeringspunktet mellom klinisk arbeid, fagutvikling og kvalitetsforbetring.
Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) får du ei unik moglegheit til å arbeide på tvers av våre fem avdelingar og bidra til å vidareutvikle tenestane for våre 83 pasientar. Dette er ikkje berre ei sjukepleiarstilling, men ei sentral fagrolle der du får bruke kompetansen din til å styrke kvalitet, pasienttryggleik og kompetanseutvikling i heile organisasjonen.
Er dette deg?
Du er ein sjukepleiar som brenn for faget og ønskjer å gjere meir enn å dekke vakter. Du trivst med ansvar, ser verdien av gode system og ønskjer å bidra til utvikling av både tenester og medarbeidarar.
Du er fagleg trygg, samarbeidar godt med andre og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Vil du vere med på å utvikle framtidas omsorgstenester i Sykkylven? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Om stillinga
Stillinga er fordelt med:
60 % i stabsfunksjon, der du bidreg med sjukepleiefagleg støtte på tvers av avdelingane
40 % klinisk arbeid i avdeling, med direkte pasientoppfølging - denne delen er per tida på Sone 2
I stab funksjonen vil du vere ein viktig ressurs innan:
- kvalitetssikring og forbetringsarbeid
- undervisning og kompetanseheving
- fagleg støtte og rettleiing av sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar
- palliasjon og avansert sjukepleie
- pasientforløp og dokumentasjon
Du får ei sentral rolle i å sikre at alle pasientar ved BUAS får tilgang til sjukepleiefagleg kompetanse.
KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar.
Beherske dei vanlegaste IT-verktya
Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
Evne til å halde seg fagleg oppdatert
Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
Personlege eigenskaparGod munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vere strukturert og løysingsorientert
Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vise fagleg engasjement
Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Kvifor velge denne stillinga?
✅ Kombinasjon av fagutvikling og pasientnært arbeid
✅ Stor fagleg påverknad på tvers av avdelingar
✅ Variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende
✅ Moglegheit til å undervise, rettleie og utvikle kollegaer
✅ Tett samarbeid med sjukeheimslege og erfarne fagmiljø
✅ Rekrutteringstillegg og hjelp til enkel bustad ved behov
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
ArbeidsstadHaugneset 16
6230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5195974182
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.