Prosjektingeniør
Åseral kommune
- Arbeidssted
- ÅSERAL, AGDER
- Publisert
- Søknadsfrist
- 2. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår?
Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen.
Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane
ArbeidsoppgåverOm stillinga
Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt.
Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna:
Bygg- og eigedomsprosjekt
VA-anlegg (vatn og avløp)
Infrastruktur- og vedlikehaldsprosjekt
Kommunale planar og utviklingsområde
Du vil vere involvert i heile prosessen, frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt.
Arbeidsoppgåver
Leie og koordinere investerings- og vedlikehaldsprosjekt
Utarbeide og følgje opp prosjektplanar, framdriftsplanar og budsjett
Gjennomføre offentlege anskaffingar og anbodskonkurransar
Evaluere tilbod og følgje opp kontraktar og leverandørar
Følgje opp entreprenørar, konsulentar og samarbeidspartnarar
Bidra i arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt
Sikre god rapportering til administrativ og politisk leiing
Bidra til god økonomistyring og prosjektkontroll
Vere ein aktiv bidragsytar i eininga og ta del i tverrfaglege oppgåver og arbeidsprosessar ut over eigne prosjektområde.
KvalifikasjonarVi ønskjer at du har:
Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg, VA, prosjektleiing eller tilsvarande
Erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing
Kunnskap om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk
God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskaperVi ser etter deg som:
Arbeider strukturert og sjølvstendig
Tek ansvar og får ting gjennomført
Har gode samarbeidsevner
Er løysingsorientert og initiativrik
Kommuniserer godt med ulike fagmiljø og interessentar
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyrEi variert og spennande stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen
Faglege utfordringar og moglegheit for vidareutvikling
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Løn etter avtale og gode pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid etter gjeldande ordningar
Vi kan hjelpe til å finne bustad
Gratis SFO
Barnehageplass
KontaktinformasjonDag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no
ArbeidsstedBordalsbakken 10
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5177713808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.