Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal

Distriktstannklinikken Surnadal [surnadal], Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeidssted
SURNADAL, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Surnadal på Nordmøre? Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?  Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?  Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?  Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?  Vi søker to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt. Begge stillingane er ledig for snarleg tiltreding. Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette. Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.  KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannlege God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.  Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.  Nyutdanna blir også oppmoda til å søke – vi tilbyr god støtte, tett samarbeid i team og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: kjenner stoltheit for tannhelsefaget  trivst med å jobbe med og for menneske  jobbar effektivt og sjølvstendig  har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert  ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Vi tilbyrEin god jobb der du kan utvikle deg  Lønn etter avtale Oppdatert og fin tannklinikk  Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse  Trivelege medarbeidarar og godt miljø  Introduksjonsprogram Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg  Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)  Etableringstilskot og flyttetilskot  Og ikkje minst: Ein kvardag i ein kommune kjend for høg livskvalitet, sterke kulturmiljø, gode oppvekstvilkår og flotte moglegheiter for friluftsliv heile året. Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonSara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553 Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500 ArbeidsstadØyatrøvegen 18 6650 Surnadal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5196176197 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.