Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Avdelingsleiar

Nav Bergen sentrum (regionkontor Bergen)

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
5. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert og resultatorientert avdelingsleiar for fagområdet arbeidsavklaringspengar (AAP). Du skal leie ei avdeling med 15 tilsette som har ansvar for sakshandsaming av arbeidsavklaringspengar, der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga sakshandsamar krav om arbeidsavklaringspengar frå dei fire Nav-kontora i Bergen og samhandlar også tett med andre einingar både på fylkesnivå og nasjonalt. Du vil difor ha ein sentral rolle i å utvikle godt samarbeid med andre einingar for å sikre heilskaplege og effektive prosessar. Som leiar i Nav skal du utøve tillitsbasert leiing med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Du byggjer tillit gjennom å sjå og utvikle potensialet hos medarbeidarane dine. Gode relasjonsevner og evne til å skape eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er difor sentrale eigenskapar i denne rolla.   Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvann, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hjå oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn. Hjå oss får du moglegheita til å leie og utvikle eit sentralt fagområde i Nav, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap. Kva går jobben ut på? ansvar for den daglege drifta av avdelinga med personal, fag og resultatansvar leie, motivere og utvikle medarbeidarar og fagmiljø sikre måloppnåing innan kvalitet, produksjon og saksgang sørge for god framdrift i oppgåvene og tydelige prioriteringar bygge og vidareutvikle samarbeid på fagområdet med Nav-kontora i Bergen og andre relevante samarbeidspartnarar sikre eit godt arbeidsmiljø og kompetanseutvikling for dei tilsette Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. erfaring med å skape gode resultat innan tenesteleveranse og arbeidsmiljø leiarerfaring med personalansvar erfaring frå endring og omstillingsprosessar gode munnlege og skriftlege evner på norsk forståing for leiing i staten og kjenne samfunnsoppdraget til Nav godt Det er ein fordel om du har erfaring frå leiing i offentleg verksemd kjennskap til Nav sine tenester erfaring med strukturert forbetringsarbeid og Lean-metodikk Kven er du?er løysingsdyktig og har god gjennomføringsevne har evne til å byggje tillit, skape gode relasjonar og bidra til eit godt arbeidsmiljø er tydeleg, strukturert og resultatorientert har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner har evne til å motivere, inkludere og spele på lag med erfarne og kunnskapsrike medarbeidarar har godt humør og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet Kvifor velje oss?spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde du får leie aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget fleksibel arbeidstid, hybrid arbeidskvardag og moglegheit for trening i arbeidstida statleg tilsetting som avdelingsleiar i kode 1407 i lønsspenn frå kr 830 000 til 900 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse  Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonMette Johnsen Bentdal, Regionleiar /avdelingsdirektør, 411 84 104 ArbeidsstedMøllendalsveien 8 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5174208680 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.