Dagleg leiar i Bore kyrkje og assisterande kyrkjeverje i Klepp kyrkjelege fellesråd
Klepp kyrkjelege fellesråd
- Arbeidssted
- KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Dagleg leiar i Bore sokn 60-70 % stilling, fast stilling
Assisterande kyrkjeverje 30 % stilling, fast stilling
I Klepp har vi behov for ny dagleg leiar i Bore sokn og assisterande kyrkjeverje i Klepp kyrkjelege
fellesråd, til saman inntil 100 % stilling. Du som søkjer kan enten søkje berre stillinga som dagleg leiar,
eller både som dagleg leiar og assisterande kyrkjeverje.
Vil du vere med og utvikle eit levande, ope og inkluderande sokn?
Vi søkjer ein engasjert og strukturert dagleg leiar som ønskjer å bidra til at soknet kan vere ein open
møteplass for tru, fellesskap og samfunnsengasjement. Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å
leggje til rette for arbeidet i soknet gjennom administrativ leiing, planlegging og koordinering.
Stillinga gir ei unik moglegheit til å kombinere leiing, organisasjonsutvikling og samarbeid med
tilsette, frivillige og sokneråd.
Bore sokn har om lag 3 300 medlemmer og er eit «tregenerasjonssokn». Staben består av dagleg
leiar, prest, trusopplærarar, sekretær, kyrkjetenar og reinhaldar (fleire av desse er deltidsstillingar).
Bore deler diakon med dei andre sokna i kommunen. Arbeidsstad vil vere ved kyrkjekontoret i
rådhuset på Klepp.
Arbeidsoppgåver som dagleg leiar
Dagleg administrativ leiing av verksemda i soknet
Førebu saker og følgje opp vedtak frå soknerådet
Økonomioppfølging, budsjettarbeid og rapportering
Personaloppfølging og koordinering av tilsette i soknet
Rekruttering, oppfølging og utvikling av frivillige medarbeidarar
Planlegging og koordinering av aktivitetar og arrangement i soknet
Informasjons- og profileringsarbeid for soknet
Samarbeid med andre sokn i kommunen, skular og barnehagar, og andre
samarbeidspartnarar
Bidra til strategisk utvikling av soknet
Arbeidsoppgåver som assisterande kyrkjeverje
Som assisterande kyrkjeverje vil du vere ein del av leiargruppa med delt ansvar. Vi fordeler oppgåver etter den einskilde sin kompetanse, erfaring og interesse. Som assisterande kyrkjeverje vil du etter
avtale få særskilt ansvar for eitt av desse områda:
Personalarbeid
Forvaltning av bygningar og eigedomar
Økonomiarbeid som budsjett- og rekneskapsoppfølging
Andre administrative leiingsoppgåver
Vi søkjer deg somHar relevant høgare utdanning innan eitt eller fleire av desse fagfelta: administrasjon, leiing,
økonomi, personalarbeid eller tilsvarande
Har erfaring frå leiing, organisasjonsarbeid eller administrasjon, gjerne innan kyrkjeleg eller
anna kristent arbeid
Er strukturert og har god kapasitet og gjennomføringsevne
Har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Har gode samarbeidsevner
Er komfortabel med økonomi og administrative system
Kan arbeide sjølvstendig og samstundes byggje gode lag rundt deg
Har forståing for verdigrunnlaget og oppdraget til Den norske kyrkja
Gjerne har lokalkunnskap og forståing for Rogaland og Jæren
Har kompetanse i bruk av digitale verktøy
Er medlem i Den norske kyrkja
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og at rett person blir tilsett i stillinga.
Vi tilbyrEi variert og meiningsfull leiarstilling
Moglegheit til å prege utviklinga av soknet
Eit godt arbeidsfellesskap med engasjerte tilsette og frivillige
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor
Pensjonsordning i KLP
Anna
Søkjar må kunne disponere eigen bil. Det vil vere noko arbeid på kveldstid og ettermiddagar, samt
helgearbeid enkelte gonger. Den som får stillinga, må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing.
For nærare informasjon om stillinga, kontakt kyrkjeverje Arvid Kaspersen, 951 49 973, eller
assisterande kyrkjeverje Hilde Djønne, 481 25 450.
KontaktinformasjonArvid Kaspersen, Kyrkjevergje, +47 40157641
Hilde Djønne, Assisterande kyrkjeverje, 48125450
ArbeidsstedPrestevegen 7
4352 Kleppe
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Klepp kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5184951006
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.