Helgestilling på Solundheimen
Solund kommune Helse og omsorg
- Arbeidssted
- SOLUND, HARDBAKKE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng knytt til institusjonstenesta.Solundheimen ligg på Hardbakke i Solund og har 19 sengeplassar. Heimetenesta reiser heim til heimebuande i Solund kommune som treng bistand i heimen. Me har ledige helgestillingar med arbeid 2. eller 3. kvar helg.
Stillingsstorleik er 14-20 % avhengig av kor ofte du arbeidar helg. Det er mogleg å vere tilkallingsvikar i tillegg dersom dette er ynskjeleg.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
personleg hjelp og omsorg til brukarar i og utanfor institusjon
bidra til god informasjonsflyt på avdelinga
vere fleksibel til også å kunne utføre andre relevante oppgåver
bidra aktivt til eit positivt arbeidsmiljø
Me ser etter deg som:
har helsefagleg utdanning, eller
er elev/student og ynskjer helgestilling, eller
ikkje har utdanning, men erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim eller heimeteneste.
For arbeid i heimeteneste krevst det førarkort på vanleg bil.
Personlege eigenskapar:
positiv, engasjert, fleksibel og med humor og godt humør
er serviceinnstilt og set bebuarane sine ynskje og behov i fokus
kan arbeide sjølvstendig, og god på å samarbeide
Personlege eigenskapar for stillinga vert vektlagt.
Vi tilbyr:
Løn i følgje tariff.
God offentleg pensjonsordning.
Godt arbeidsmiljø.
I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.