Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vikar til Helsetorget, 100 % vikariat

Sogndal kommune Tildelingskontoret

Arbeidssted
SOGNDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
28. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Har du helse- og sosialfagleg bakgrunn og lyst til å vera tett på innbyggarane våre? På Helsetorget får du vera med på laget som er det første møtepunktet for innbyggarar med behov for helse- og omsorgstenester i kommunen. Om stillinga Me søkjer deg som vil vera med på laget på Helsetorget, i eit 100 % vikariat organisert under Tildelingskontoret. Stillinga er ledig frå snarast og fram til 31.9.27. Arbeidsoppgåver Ta imot innbyggarar og svara på telefonar og e-posthenvendingar frå dei som treng hjelp eller informasjon Gjennomføre kartlegging av hjelpebehov Informere om søknadsprosess og tenestetilbod i kommunen Bistå innbyggarar i søknadsprosessar, registrere søknader og opprette saker i fagsystem Dele ansvar for støttekontaktordninga ved fråvær og ferieavvikling, mellom anna ta imot og føre timelister Jobbe med velferdsteknologi og digital oppfølging av innbyggarar Bidra i sakshandsaming ved behov og delta på sakshandsamingsmøte Erfaring og kompetanse Bachelor i helse- og sosialfag Relevant arbeidserfaring frå fagfeltet Erfaring med koordinering, planlegging eller oppfølging av arbeidsoppgåver God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem Dette er ein fordel om du har Erfaring med kartlegging og sakshandsaming, gjerne innan helse- og omsorgstenester Kjennskap til kommunal sakshandsaming og relevant lovverk, til dømes helse- og omsorgstenestelova, pasient- og brukarrettigheitslova og forvaltningslova Erfaring frå tildelingskontor, forvaltningseining eller liknande Kven ser me etter? Me ser etter en positiv, målretta og strukturert person som trivst med å arbeide sjølvstendig og som handterer både uforutsigbare situsjonar og komplekse problemstillingar. Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på, og møter endringar med nysgjerrigheit og engasjement. Du har god relasjonskompetanse, kommuniserer godt med kollegaer, andre tenester, brukarar og pårørande. Du evnar å sjå heilskapen, bidrar til tverrfagleg samarbeid og byggje gode relasjonar. Samstundes er du tolmodig, audmjuk og reflektert, og du tør å tenkje nytt når arbeidskvardagen krev det. Du har også god digital kompetanse og evne til å nytte digitale løysingar på en effektiv og brukarvenleg måte. Me tilbyr Ei stilling der du er med og formar innhaldet i ei teneste under utvikling Ein arbeidsplass midt i arbeidet med korleis Sogndal kommune møter innbyggarane sine Me vil behandla søknadane og gjennomføra intervju fortløpande, så me tilrår deg å søkja så snart som mogleg. Me gler oss til å høyra frå deg!  Praktisk informasjon Stillingstype: 100 % vikariat Arbeidsstad: Helsetorget, under Tildelingskontoret Tilsetjingsperiode: snarast og fram til 31.9.27 Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.