Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Pedagogisk personell til barnehage, i inntil 100% vikariat 

Gulen kommune

Arbeidssted
GULEN, DALSØYRA, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
17. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaGulen kommune har ledig eit vikariat i inntil 100% stilling frå snarast mogleg til midten av august 2027. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra barnehage i eininga Dalsøyra barnehage og skule. Me søkjer ein barnehagelærar eller ein barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt ein søkjar med tilsvarande relevant utdanning. Søkjarar utan relevant utdanning er òg velkomne til å søkje og kan bli vurderte dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar. Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdelingar på Dalsøyra og i Hovden. Sjå her for meir informasjon om Dalsøyra barnehage.  Ta kontakt med kontaktpersonen i annonsen om du har spørsmål til stillinga!  Barnehagane i Gulen har: Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar Godt arbeidsmiljø Tilbod om rettleiing Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen Arbeidsoppgåver    Barnehagelærar  Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga Delta i den daglege drifta Andre oppgåver som måtte kome til Barne- og ungdomsarbeidar  Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd  Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna  Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda  Andre oppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonar Barnehagelærar  Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Barne- og ungdomsarbeidar  Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.