Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar

Strandebarm omsorg

Arbeidssted
KVAM, STRANDEBARM, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg! 80 % fast stilling  Stillinga er ledig frå 1. desember 2026, tiltreding etter avtale  Stillinga er i årsturnus, for tida med arbeid på dag og kveld samt arbeid 3.kvar helg Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i nytt omsorgssenter i Strandebarm.  Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen.  ArbeidsoppgåverHos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta. Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutinar og prosedyrar  Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel Oppgåver knytt til pasientoppfølging  Dagleg journalføring i Gerica KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar Er du nyutdanna eller lærling i helsefag siste lærehalvår vert du oppmoda om å søkja Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2 Gode kommunikasjonsevner Må ha førarkort på bil Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.  Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner Fleksibel og sjølvstendig i arbeidet Du må ha positiv innstilling  Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert Vi tilbyrVariert arbeidsdagar med arbeid både inne i institusjon/omsorgsbustad og ute i heimetenesta Gode kollegaer i eit godt fag -og arbeidsmiljø Årsturnus med moglegheit for langvakter Løn etter gjeldande tariffavtale  og lokalt lønnsystem Gode pensjons-/ forsikringsordningar   Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.    KontaktinformasjonElisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408 ArbeidsstadTangeråsneset 25 5630 Strandebarm Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5188986097 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 01.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.